Mitt tippetips Eliteserien Herre 2015/2016

I mitt tabelltips har eg vektlagt 60-40 % med hjerte, foran fornuft. Men, det er allikevel eit seriøst tips for kossen sesongen ender, men denne er litt meir håpefull. Det er etter mi meining ei klar 3-deling av årets serie. Medaljekandidatane, middelhavsfararane og bunnstriden. 1-3 er ferdigsnakka, medan 4-9 plass kan like godt Grei ta 4.plassen, som Sveiva eller Gjelleråsen. I botn finner vi Sandnes, Fredrikstad og Harstad, som må kjempe knallhardt for kvart einaste poeng. Heilt fantastisk hadde det vert om Bulldoggane tok gullet J

1. Slevik
Maskineriet av eit lag vinner nok ei gong. Eit nærmast komplett lag i norsk målestokk, der dei har seriens beste keeperduo, kvalitet i alle ledd og ikkje minst seriens beste spelar (no name needed). Er ein god mix av lagmaskineri og individuelle ferdigheter, samt god fysikk. Kommer allikevel ikkje til å vere like overlegne som dei har vert, og vil få større kamp om både serie- og sluttspel gull. Tar the Dubble nok ei gong!

2. Greåker
Uten tvil mitt favoritt lag i årets serie! Greåker har eit særdeles spennande lag, med god mix av rutine, ungt pågangsmot, solid keeper og ein særs bra trenar i Näsholm. Kaptein Torp komme til å styre skuta godt og Martin Kvisvik blir solid både defansivt og offansivt. Har etter mi meining fleire av seriens mest undervurderte spelere, i Syrrist, Bøckmann og Øvereng.

3. Tunet
Laget med kanskje det aller beste offansive mannskapet. Har henta inn Wallin, som i lag med Skau-Jansson, Bjerknes og Mossin, alle kan stå for 50p i årets serie. Klubben virker som ei seriøs aktør, og drives proffesjonelt. Mykje bra unge spelere som vil fortsette å ta nivået, samt blir spanande å sjå kor fint spelande offansiv dette laget har.

4. Sveiva
Dette er ein talentfabrikk med god organisasjon rundt. Fleire spennande spelere og særs viktige blir nok spelande trenar Gustafsson og maskinen Patrick Martinsen. Elles håpar eg å sjå talentet Pedersen i Sandneshallen i år! Hadde ein svak sesong i fjor, men i år er året der Sveiva kommer tilbake i toppsjiktet, ikkje heilt på topp, men høgt nok til ein god sesong.

5. Grei
Ein spennande mix mellom halvunge nordmenn og «partysvenskar?». Lever ofte (etter mine 3 sesongar) på svært solide enkeltmannsprestasjoner. Både bak og fremme finnes det matchvinnere i dette laget, og om trenarteamet får samspelt laget, blir Grei svært solide i år. Kan som tidligere nevnt, like godt ende på 9 plass som 5. Får sjølvsagt bonuspoeng for å spele på verdas beste underlag, parkett J

6. Akerselva
Klubben til Don Paolo er ofte å finne i midten, kanskje litt oftere nedover enn oppover. Mange kvalitetspelere og eit lag som ofte scorar svært mykje mål, men har ein lei tendens til at det glir fort inn bak. Tapet av Wallin vil merkes, men har fortsatt eit bredt spekter å spille på. Denne sesongen trur eg Akerselva biter godt frå seg, sjølv om mine minner frå hallen ofte er få tilskuere, grus på banen og vaffellukt i rundvant! I år blir Elva farlige!

7. Nor 92
Laget har absolutt eit stort potensial. Har vert giftige på overgangsmarkedet og har sikra seg ein god og solid tropp. Det blir sluttspel på guttane i år, der det store ansvaret ligger på Steffen Løvlund. Med ein god kombi av blendande teknikk og målteft, vil hans bidrag vere uvurderlig. Har elles spennande guttar som Jax og Bendiksen, som er svært viktige for Nor.

8. Sarpsborg
Sarpingane i blått har norges beste keeper i buret, og han må leve opp etter sitt rykte for at det skal bli høgare på tabellen enn mitt tips. Har mange solide enkeltspelere, men laget er ikkje så komplett som det var for 2-3 år sidan. Blir svært spennande å følgje med kva Hjemgård og Amundsen kan trylle fram av mål og utvisninger, så gleder meg til Sapringene gjester Rogaland, for nogen rolige pils på byen. Kan som sagt like godt kapre ein 5.plass!

9. Gjelleråsen
Har som siste middelhavsfarer, valgt å tippe Fighters utanfor sluttspel-plass. Kan vere ein solid bommert, men laget var mykje betre for nogen år sidan. Har ein superspelar i Nordstrøm, når han er logga på, samtidig som Rongsjord og Falkeid må levere til sitt fulle potensial. Er alltid god liv og trøkk på heimebane, å kan fort bli vanskelige å møte med publikum i ryggen. Hadde hatt lyst å sjå dette laget høgt på tabellen!

10. Sandnes
Rogalands laget som sjenerøst av Lye fikk eliteplassen, har eg god kjennskap til. Håpar for all del at Sandnes plukker 10.plassen, for neste år blir det Rogalandsderby mellom Lye å Sandnes i Eliten. Har nøkkelspelere som Vervik, Birkemo, Sola og Johannesen som må levere varene, om at Sandnes skal holde seg oppe. Thomas Sola kan på ein god sesong lage 30-40 mål, uavhengig av posisjon på banen, og med ein kjapp Bjørn Even Stene i godt gammelt slag på topp, kan laget overraske dei fleste.

11. Fredrikstad
Dette laget håpar eg også holder seg oppe, mest fordi kvalitetspelerane Søtorp og Mathisen blir kjekke å spele mot, neste år J Har slitt litt med å hente spelere frå øverste hylle og det spørs kor godt rysta Hæren sine menn er. Kjenner ikkje til så svært mange andre frå dette laget, men bør kunne gi fleire lag kamp til døra. Glede meg til Fredrikstad kjem på besøk til Rogaland, og kan få utnytte taxi-free kvoten til det fulle!

12. Harstad
Laget frå Nord er det vanskelig å vite for mykje om. Har laget henta inn eit par solide finner, kan det absolutt bli gode oppgjør, men utover dette, er det klart seriens svakeste lag. Klarer dessverre ikkje å holde plassen, men får pluss for godt med folk på tribben, god stemning og fin by å dra lagfesten på !

Tabell:
1. Slevik
2. Greåker
3. Tunet
4. Sveiva
5. Grei
6. Akerselva
7. Nor 92
8. Sarpsborg
9. Gjelleråsen
10. Sandnes
11. Fredrikstad
12. Harstad

Dameserien har eg ikkje nok kunnskap eller meining om til å tippe noko bra, men rekner med Sveiva kaprar førsteplassen, marginalt foran Tunet. Hadde elles vert kjekt om BMIL kuppa ein bronsemedalje og NM-finale.

← GiantPaolo tipper Eliteserien herrer 2015/2016 Nicke tipper Eliteserien 2015/2016 for damer →